Heim

Møre og Romsdal logo

Nokre av foredraga er lagt ut og de finnes under listinga av foredragshaldarane ved å klikke på hyperlink på namnet.

 

 

Møre og Romsdal Fylkeskommune har gleda av å invitere til Nasjonal Opplæringskonferanse i Molde  18. – 20. august.

Møre og Romsdal fylkeskommune er arrangør av årets nasjonale opplæringskonferanse for vidaregåande opplæring. Konferansen skal vere i Molde.

Målgruppa er stortingspolitikarar, fylkespolitikarar, medlemmer av yrkesopplæringsnemndene, representantar frå arbeidstakar- og arbeidsgivarsida, elev- og lærlingomboda i den enkelte fylkeskommune, representantar frå Elevorganisasjonen, dei administrative leiingane i fylkeskommunane og andre bidragsytarar i vidaregåande opplæring.

På programmet har vi våre toppolitikarar innan utdanning frå kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til medlemmane i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen i Stortinget. Partane i næringslivet stiller for å fortelje korleis dei vil bidra til å oppfylle måla i samfunnskontrakten.

Vi er særs glade for å ha fått canadiske Avis Glaze til å stille som hovudinnleiar på konferansen. Glaze var ein av dei som stod bak dei store og vellukka endringane i Ontario sin utdanningspolitikk. Det er ikkje berre utanlandske forskarar som kjem, også dei norske forskingsmiljøa er sterkt representert.

I løpet av konferansen vil du få møte kjente personar frå Møre og Romsdal, mellom anna vil Jo Nesbø vere med og underhalde.

Velkommen til interessante og lærerike dagar i Molde!

 

Med vennleg helsing

Sverre Hollen

Fylkesutdanningssjef
Møre og Romsdal fylkeskommune

Photo Einar Engdal_Molde_stadium-X2
Foto: Einar Engdal